Table of contents
Dette landnotatet gir ei oversikt over dei viktigaste kjenneteikna ved utdanningssystemet i Noreg basert på data frå Education at a Glance 2026. I tråd med rapporten sitt tematiske fokus legg det vekt på lærarmangel samtidig som det dekker andre delar av utdanningssystemet. Statistikkane i dette notatet er oppgitt for det siste tilgjengelege året. Lesarar som er interessert i referanseåra for tala bør sjå til dei tilsvarande tabellane i Education at a Glance 2026.
Lærarmangel
Copy link to LærarmangelMangel på kvalifiserte arbeidarar har påverka mange sektorar i OECD dei siste åra, inkludert læraryrket. Lærarmangel viser seg på ulike vis på tvers av utdanningssystema: i nokre land fører mangelen på fullt kvalifiserte lærarar til ein høgare del ukvalifisert personale, mens i andre land vert ein betydeleg del av lærarstillingane ståande ubesette.
Ikkje-fullt kvalifiserte lærarar refererer til lærarar som enno ikkje oppfyller alle krava for å bli rekna som fullt kvalifiserte lærarar i høve til nasjonale krav. I dei fleste landa har dei anten dei nødvendige akademiske kvalifikasjonane, men manglar obligatorisk sertifisering eller lærarutdanning, har fullført den nødvendige lærarutdanninga men manglar dei nødvendige akademiske kvalifikasjonane, eller manglar begge deler. I Noreg var 17,6 % av alle grunnskule- og vidaregåande lærarar i offentlege institusjonar ikkje fullt kvalifiserte i 2024/25. Dette er over OECD-gjennomsnittet på 9,1 % (Figur 1).
Figur 1. Trendar i andelen ikkje-fullt kvalifiserte lærarar i grunnskule- og vidaregåande utdanning (2017/18 og 2024/25)
Copy link to Figur 1. Trendar i andelen ikkje-fullt kvalifiserte lærarar i grunnskule- og vidaregåande utdanning (2017/18 og 2024/25)I prosent, årsverk, offentlege institusjonar
Rekruttering av lærarar frå andre yrker er ein vanleg strategi for å handtere lærarmangel og bidrar til å auke mangfaldet i lærarstyrken. Ifølge OECD Teaching and Learning International Survey (TALIS) 2024 har i gjennomsnitt 8,4 % av lærarane på barneskulen bakgrunn frå andre yrke på tvers av OECD-landa. I Noreg har 12,7 % av alle lærarar bakgrunn frå andre yrke (Tabell 5).
Kor attraktivt læraryrket er avheng av ei rekke faktorar, inkludert arbeidstilhøve og løn. Ifølge OECD Survey of Adult Skills (PIAAC) rapporterer heiltidstilsette lærarar i grunnskule, vidaregåande og yrkesfagleg utdanning at dei i gjennomsnitt jobba 40,8 timer per veke i OECD i 2023, samanlikna med 41,5 timar for andre fulltidstilsette med bachelor- eller mastergrad. I Noreg rapporterer desse lærarane at dei jobba i gjennomsnitt 40,4 timer per veke, medan andre med bachelor- eller mastergrad rapporterer å jobbe 40 timer per veke. Denne forskjellen er ikkje statistisk signifikant (Tabell 6).
Ifølgje OECD Teaching and Learning International Survey (TALIS) 2024, er eit stort fleirtal av ungdomsskulelærarane i OECD-landa (68,4 % i gjennomsnitt) nøgde med sine arbeidstilhøve, når ein ser vekk frå løn. Til samanlikning er andelen ungdomsskulelærarar som er nøgde med løna si mykje lågare, med eit gjennomsnitt på 38,7 %. I Noreg er 69,8 % av lærarane i ungdomsskulen nøgde med sine arbeidstilhøve, og 34,1 % er nøgde med løna si (Tabell 5).
Lærarar pleier å vere eldre enn andre arbeidstakarar. I gjennomsnitt på tvers av land med tilgjengelege data er 25 % av ungdomsskule- og vidaregåandelærarane 55 år og eldre, samanlikna med 19 % av dei yrkesaktive med minst mastergrad og 21 % av den totale yrkesaktive befolkninga. Noreg følgjer eit liknande mønster: 23 % av ungdomsskulelærarane er 55 år og eldre, samanlikna med 18 % av dei yrkesaktive med minst mastergrad og 22 % av den totale yrkesaktive befolkninga (Figur 10).
Høg utskifting av lærarar kan vere eit teikn på misnøye med yrket, men talet lærarar i offentlege institusjonar som forlèt yrket vert også påverka av faktorar som alderssamansetning i arbeidsstyrken, arbeidsmarknadstilhøve og arbeidskulturen i landet. I Noreg forlét 5,2 % fullt kvalifiserte lærarar grunn- og vidaregåande skule (gjennom pensjon, oppseiing eller ved å bytte til ei anna stilling i offentleg utdanning) i 2024/25, samanlikna med et OECD-gjennomsnitt på 6,4 % (Figur 8).
Antalet lærarar eit system treng vert ikkje berre bestemt av antal elevar. I gjennomsnitt på tvers av OECD, målt i årsverk, auka talet på lærarar i offentlege og private barneskular med 13 % mellom 2015 og 2024, sjølv om antalet barneskuleelevar berre auka med 2 % i same periode. At utviklinga i antal lærarar og elevar er så ulik heng saman med politiske val knytt til klassestørrelsar og lærarane si arbeids- og undervisningstid. I Noreg auka antalet grunnskulelærarar med 6 % i denne perioden, medan antalet elevar auka med 1 % (Figur 14).
Det er venta at antalet barn i alderen 5-14 år i Noreg kjem til å gå ned med 9 % mellom 2024 og 2033, noko som peikar mot lågare etterspørsel etter lærarar så lenge dei politiske rammevilkåra elles ikkje vert endra (Figur 15). Men som nemnt ovanfor, er demografiske utviklingstrekk berre éin faktor som formar behovet for lærarar, og effekten kan variere avhengig av regionale forskjellar. Behovet vil også være avhengig av politiske avgjersler om klassestørrelse, kor mange lærarar som sluttar i yrket, og av kor mykje resursar som vert løyvde til sektoren.
Utdanningsinstitusjonars resultat og effektar av læring
Copy link to Utdanningsinstitusjonars resultat og effektar av læringUtdanningsnivået held fram på eit rekordhøgt nivå i 2025, etter kvart som fleire tar høgare utdanning. På tvers av OECD har 43 % av vaksne i yrkesfør alder (25–64 år) høgare utdanning, medan andelen vaksne med vidaregåande eller høgare yrkesretta utdanning er litt lågare med 39 %. I Noreg er andelen vaksne med høgare utdanning 50 %, over OECD-gjennomsnittet, medan andelen vaksne med vidaregåande eller høgare yrkesfagleg utdanning er under OECD-gjennomsnittet med 34 % (Tabell A1.1).
Andelen unge vaksne utan vidaregåande utdanning held fram med å søkke i OECD, og ligg på 12 % i 2025. Denne trenden er også tydeleg i Noreg, der andelen 25-34-åringer utan vidaregåande utdanning sokk frå 19 % til 15 % mellom 2015 og 2025 (Tabell A1.2).
Medan fleire unge vaksne tar høgare utdanning, søkk andelen personar med yrkesfagleg utdanning frå vidaregåande i nesten alle OECD-land. Dette gjelder også i Noreg, der 28 % av alle 55–64-åringer har yrkesfagleg utdanning i 2025, samanlikna med 17 % av alle 25–34-åringer. (Tabell A1.3).
Ungdom og unge vaksne som verken er i arbeid, utdanning eller opplæring (neither employed nor in education or training - NEET) er ei viktig politisk utfordring, ettersom langvarige periodar med inaktivitet i ung alder kan føre til varige negative sosioøkonomiske effektar seinare i livet. I Noreg var 7 % av alle 18-24-åringer rekna som NEET i 2025, ned frå 10 % i 2015. Til samanlikning var gjennomsnittleg andel NEETs i OECD-land med tilgjengelege data for begge åra 13 % i 2025 og 16 % i 2015. (Tabell A2.2).
Sysselsetting av nyutdanna med høgare utdanning varierer mellom land og vert påverka av økonomiske tilhøve, etterspørsel etter arbeidskraft og politiske prioriteringar. I Noreg sokk arbeidsløysa blant unge vaksne med høgare utdanning frå 4 % i 2015 til 3 % i 2025. Dei tilsvarande ratane i OECD-land med tilgjengelege tal for begge åra var i gjennomsnitt 7 % i 2015 og 5 % i 2025 (Figur 2).
Figur 2. Utviklingstrekk i arbeidsløyse blant unge vaksne i Noreg og i gjennomsnitt i OECD, etter utdanningsnivå (2005 til 2025)
Copy link to Figur 2. Utviklingstrekk i arbeidsløyse blant unge vaksne i Noreg og i gjennomsnitt i OECD, etter utdanningsnivå (2005 til 2025)I prosent av 25-34-åringar i arbeidsstyrken
OECD-gjennomsnittet til høgre er basert på eit fast utval på 34 land.
For data, sjå OECD (2026) Education at a Glance 2026: OECD Indicators, https://doi.org/10.1787/b4968bbc-en, figur A3.1 og
Unemployment rates of adults, by educational attainment, age group and gender (indikator), https://data-explorer.oecd.org/s/570 (henta 27. august 2026).
Betydninga av høgare utdanning vert også spegla i inntektene. I nesten alle OECD-land har arbeidstakarar i alderen 25-64 utan høgare utdanning løn under landsgjennomsnittet. I Noreg tener heiltids, heilårsarbeidarar med studiespesialisering frå vidaregåande som høgaste utdanningsnivå 6 % mindre enn landsgjennomsnittet, dei med yrkesfagleg vidaregåande utdanning tener 9 % mindre, og dei utan vidaregåande utdanning tener 21 % mindre. Dei tilsvarande lønsforskjellane i gjennomsnitt på tvers av OECD er 13 % for dei med studiespesialiserande og 17 % for dei med yrkesfagleg utdanning som høgaste utdanningsnivå. For personar utan fullført vidaregåande er løna i gjennomsnitt 31 % lågare enn snittløna (Figur A4.1).
Etter kvart som etterspørselen etter ferdigheiter i arbeidsmarknaden endrast, er deltaking i livslang læring avgjerande for alle vaksne. Ifølgje OECD Survey of Adult Skills (PIAAC) er yngre vaksne (25-44 år) meir tilbøyelege til å delta i ikkje-formell utdanning eller opplæring enn eldre vaksne (45-64 år), men forskjellane mellom aldersgruppene er ofte små. I Noreg hadde 74 % av 25–44-åringane deltatt i ikkje-formell utdanning eller opplæring dei siste 12 månadane, samanlikna med 65 % av 45–64-åringene. På tvers av OECD er gjennomsnittleg deltaking 52 % blant 25-44-åringar og 45 % blant 45-64-åringar (Figur A5.2).
Arbeidarar med høgare utdanning har i dei fleste land mykje større sannsyn for å ha jobbar der dei kan jobbe heimanfrå. I Noreg jobbar 63 % av arbeidstakarane med høgare utdanning nokre gonger eller vanlegvis heimanfrå, samanlikna med 32 % av arbeidarar med vidaregåande eller høgare yrkesfagleg utdanning (Figur A6.3).
Tilgang til utdanning, deltaking og progresjon
Copy link to Tilgang til utdanning, deltaking og progresjonDeltaking i barnehage og førskuleopplæring (early childhood edication and care - ECEC) er vanlig blant barn frå 3 år i alle OECD-land. I Noreg gjekk 97 % av alle barn mellom 3 år og startalderen for grunnskule (6 år i Noreg) i barnehage i 2024, høgare enn OECD-gjennomsnittet på 90 % (Figur B1.1). Samstundes varierer innmeldingsratene i barnehage og førskule for yngre barn mykje mellom OECD-landa. 95 % av 2-åringar i Noreg går i barnehage. Dette plasserer Noreg i den øvre delen av OECD-landa med tilgjengelege data (Tabell B1.1).
Antalet grunnskular og vidaregåande skular – og dermed deira geografiske nærleik til elevane – varierer mellom land. Mange land har fleire grunnskular enn ungdomsskular, noko som gjenspeglar ønsket om å tilby utdanning nær barneskuleelevane sine heimar, samstundes som ungdomsskuleelevane får eit større utval av spesialfag som berre kan tilbydast av større skular. I Noreg finst det 1,76 barneskular per ungdomsskule, tilsvarande OECD-gjennomsnittet på 1,97 (Figur B2.4).
I dei fleste land er det ikkje eit sterk samsvar mellom trendar i antal elever og trendar i antal ungdomsskular. I Noreg økte antalet ungdomsskuleelevar med 0,83 % årleg mellom 2015 og 2024, medan antalet ungdomsskular sank med 0,03 % årleg i same periode. I gjennomsnitt i OECD auka antalet elever med 0,96 %, medan antalet skular sakk med 0,10 % (Figur B2.1).
Overgangar frå eitt utdanningsnivå til eit anna er kritiske vegkryss i ein elevs utvikling og har stor innverknad på utdanningsresultat. Eitt år etter siste klasse på ungdomsskulen er 95 % av elevane i Noreg i gang med i eit vidaregåande eller annet utdanningsprogram, og 5 % er ikkje innskrivne i formell utdanning. Andelen studentar som ikkje er innskrivne er identisk med gjennomsnittet på 5 % blant dei 22 landa og økonomiane med tilgjengelege data (Figur B3.1).
I Noreg fullfører 81 % av nye studentar vidaregåande (studiespes. og yrkesfag) innan to år etter den teoretiske slutten av utdanninga. På dette tidspunktet er 5 % av kohorten framleis i utdanning, medan 14 % har slutta utan å fullføre utdanninga. I Noreg er kvinner 15 prosentpoeng meir tilbøyelege til å fullføre vidaregåande enn sine mannlege jamaldrande, eit gap som er større enn gapet i dei fleste andre land med tilgjengelege data (Tabell B3.2. og Tabell B3.3).
Overgangen frå vidaregåande utdanning til andre utdanningar eller arbeidsmarknaden er ein annan viktig milepæl i ein student si karriere. Eitt år etter slutten av vidaregåande opplæring studerer 25 % på eit bachelor- eller masterprogram i Noreg, 3 % er i høgare yrkesfagleg utdanning, 11 % er påmeldt eit nytt vidaregåande utdanningsprogram eller folkehøgskule, og 61 % er ikkje lenger i utdanning. Av desse er 90 % i arbeid, medan 10 % er arbeidsledige eller utanfor arbeidsstyrken. I andre land med tilgjengelege data er i gjennomsnitt 35 % av elevar frå vidaregåande skule påmeldt eit bachelor- eller masterprogram, 13 % er innskriven i kort yrkesretta høgare utdanning, 10 % er innskriven i eit anna vidaregåande program eller tilsvarande nivå, og 42 % er ikkje lenger meldt opp til utdanning (Tabell B3.4).
På høgare utdanningsnivå (ISCED 5-8) har dei fleste OECD-land eit større antal internasjonale studentar enn dei sender utanlands. I gjennomsnitt i OECD utgjer utreisande internasjonalt mobile studentar 6 % av alle nasjonale studentar (anten dei er registrert innanlands eller i utlandet), mens innreisande studentar utgjer 12 % av alle registrert studentar i 2024. I Noreg er andelen utreisande internasjonale studentar 5 %, medan innreisande internasjonale studentar i gjennomsnitt utgjer 4 %. De tre viktigaste destinasjonslanda for utreisande studentar i Noreg er Danmark (20 %), Storbritannia (19 %) og USA (10 %), medan dei tre opphavslanda med flest innreisande studentar er Tyskland (7 %), Iran (6 %) og Pakistan (5 %) (Tabell B4.3).
I mange land har andelen innreisande studentar auka raskare enn andelen utreisande studentar. I gjennomsnitt i OECD auka andelen innreisande studentar med 4 prosentpoeng mellom 2015 og 2024, og andelen utreisande studentar auka med 1 prosentpoeng. I Noreg auka andelen innreisande studentar med 1 prosentpoeng, medan andelen utreisande studentar sokk med 2 prosentpoeng (Tabell B4.3).
Økonomiske ressursar investert i utdanning
Copy link to Økonomiske ressursar investert i utdanningMesteparten av investeringane i utdanning kjem frå offentlege kjelder. I gjennomsnitt i OECD tilsvarte offentlege utgifter til utdanningsinstitusjonar (grunnskule til høgare utdanning) 4 % av BNP i 2023, mens private utgifter tilsvarte 0,6 %. I Noreg utgjorde offentlege utgifter 4,5 % av BNP i 2023, mens private utgifter utgjorde 0,1 % (Tabell C1.8 (kun web)).
I OECD-land med tilgjengelege data for begge år, har totale offentlege utgifter til utdanning (grunnskule til høgare utdanning) falt frå 4,4 % av BNP i 2015 til 4,2 % i 2023. I same periode sokk dei totale offentlege utgiftene til utdanning frå 6,0 % til 5,2 % i Noreg, som er ein raskare nedgang enn i de fleste andre OECD-landa (Figur 3).
Figur 3. Trendar i offentlege utgifter til utdanning som prosent av BNP (2015 og 2023)
Copy link to Figur 3. Trendar i offentlege utgifter til utdanning som prosent av BNP (2015 og 2023)Totale offentlege utgifter til utdanning (både innanfor og utanfor utdanningsinstitusjonar); Grunnskule til høgare utdanning
1. Data inkluderer eller ekskluderer enkelte kategoriar, sjå kjeldetabellen for meir informasjon.
For data, sjå OECD (2026) Education at a Glance 2026: OECD Indicators, https://doi.org/10.1787/b4968bbc-en, figur C1.2 og tabell C1.7.
Offentlege utgifter til utdanningsinstitusjonar (grunnskule- til høgare utdanning) som andel av BNP (inkludert FoU) varierer stort mellom OECD-land (frå 2,4 % til 5,2 %), medan offentlege utgifter per student varierer med en faktor på ti (frå USD 3 398 til USD 32 832 justert for kjøpekraft), ettersom forskjellar i inntektsnivå betyr at nominelle utgifter har ein tendens til å variere meir enn relative utgifter. I gjennomsnitt i OECD var utgifter per elev frå grunnskule til høgare utdanning 13 601 USD i 2023, mens det i Noreg var 21 791 USD (Tabell C1.4. og Tabell C1.1).
For barnehage- og førskule-nivået har offentlege utgifter per barn auka betydeleg mellom 2015 og 2023 i mange OECD-land. Dette var ikkje tilfelle i Noreg, der utgiftene per barn i alderen 3-5 år i 2023 var 13 263 USD samanlikna med 13 352 USD i 2015 (Tabell C2.3).
Utgifter kan delast i kapitalutgifter og driftsutgifter: førstnemnde finansierer investeringar i eigendelar som infrastruktur, medan sistnemnde dekkjer regelmessige driftskostnadar. Løpande utgifter kan vidare delast inn i lønskostnader og andre løpande utgifter, som kjøp av varer og tenester og rutinemessig vedlikehald. I Noreg går 81 % av driftsutgiftene i grunnskuleinstitusjonar til lønskostnader, samanlikna med 79 % i gjennomsnitt i OECD, medan resten går til andre driftsutgifter (Figur C3.3).
På vidaregåandenivå kan offentlege utgifter per elev variere betydeleg mellom studiespesialiserande og yrkesfaglege program. Yrkesfaglege program er ofte dyrare på grunn av behovet for spesialisert teknisk utstyr, samtidig som private bidrag, for eksempel frå bedrifter, dekkjer ein større del av dei totale kostnadene i nokre land. I Noreg er utgiftene per elev USD 20 744 til studiespesialiserande program og USD 20 324 USD til yrkesfaglege program, samanlikna med OECD-gjennomsnittet på USD 12 421 for studiespesialiserande og USD 13 901 for yrkesfag (Tabell C4.1).
På tvers av OECD-landa er offentlege utgifter per student høgast i høgare utdanning, til tross for at det er på dette nivået offentlege utgifter i gjennomsnitt utgjer den minste delen av totale utgifter. Noreg er blant landa der offentlege utgifter utgjer ein større andel av de totale utgiftene samanlikna med OECD-gjennomsnittet. I Noreg var offentlege utgifter per student 28 546 USD i 2023, tilsvarande 91 % av dei totale utgiftene til høgare utdanning. Til samanlikning var gjennomsnittlege offentlege utgifter per student i OECD 16 405 USD, noko som utgjer 68 % av totalutgiftene (Tabell C5.1, kolonnar 6 og 18).
Lærarar, læringsmiljø og organisering av skular
Copy link to Lærarar, læringsmiljø og organisering av skularSom nemnt ovanfor har dei fleste land auka investeringane i førskuleutdanning dei siste åra. Dette vert også spegla i forholdet mellom barn og lærarar. På tvers av OECD sokk antalet barn på dette nivået med 2 % mellom 2015 og 2024, medan antalet lærarar auka med 14 %. Dette resulterte i ein reduksjon i forholdet mellom barn og lærarar på 14 %. I Noreg sank antalet barn i førskule med 11 %, medan antalet førskulelærarar auka med 28 %. Dette resulterte i ein reduksjon i barn-til-lærar-forholdet på 30 % (Data for diagram D2.1).
I dei fleste land er lønningane til lærarar i offentlege institusjonar lågare enn lønninga til andre lønnstakarar med høgare utdanning. Dette gjeld spesielt for lærarar på dei lågare trinna. Dette er også tilfelle i Noreg, der førskulelærarar i gjennomsnitt tente 32 % mindre enn andre lønnstakarar med høgare utdanning. Samstundes tente lærarar i ungdomsskulen gjennomsnitt 25 % mindre enn andre lønnstakarar (Tabell D3.2).
Lærarar bruker berre ein brøkdel av arbeidstida sin på undervisning; resten vert brukt til andre oppgåver, inkludert førebuing til undervisning og retting. I gjennomsnitt underviste grunnskulelærarar i OECD 770 timer per år, samanlikna med 710 timer per år i ungdomsskulen. I Noreg er det årlege maksimale antalet undervisningstimar 741 i grunnskulen og 663 i ungdomsskulen. Dermed er Noreg blant det store fleirtalet av land der lærarar i ungdomsskulen underviser færre timer enn dei i grunnskulen.
Figur 4. Undervisningstid for lærarar, etter utdanningsnivå (2025)
Copy link to Figur 4. Undervisningstid for lærarar, etter utdanningsnivå (2025)Netto fastsett undervisningstid i timar per år, i offentlege institusjonar
Merk: Sjå kjeldetabellen for informasjon om dataa gjeld typiske, minimums- eller maksimumstimar.
1. Faktisk undervisningstid (i Latvia unntatt på førskulenivå).
2. Referanseåret skil seg frå 2023. Sjå kjeldetabell for detaljer.
3. Gjennomsnittleg planlagt undervisningstid ved kvar skule ved skulestart.
For data, sjå OECD (2026) Education at a Glance 2026: OECD Indicators, https://doi.org/10.1787/b4968bbc-en, figur D4.1 og tabell D4.1.
Kvinner utgjer fleirtalet av lærarane på alle utdanningsnivå unntatt høgare utdanning. Lærarar i førskule er nesten utelukkande kvinner, og utgjer 96 % av lærarane på tvers av OECD-landa. Andelen kvinner blant førskulelærarar i Noreg er litt lågare, med 90 %. Andelen kvinnelege lærarar i ungdomsskulen er 74 %. Dette er framleis over OECD-gjennomsnittet på 68 % (Tabell D5.1).
I heile OECD er kvinner sterkare representert blant lærarane enn blant skuleskuleleiinga. I grunnskulen utgjorde kvinner i Noreg 74 % av lærarane og 67 % av skuleleiinga i 2024, eit gap på 7 prosentpoeng. Dette gapet var mindre enn OECD-gjennomsnittet på 15 prosentpoeng (Figur D5.3).
Regelmessig tilsyn med lærarar som ei kvalitetssikringsmekanisme er vanlig i nokre land, men ikkje i alle. Noreg brukar ikkje ei slik vurderingsmekanisme, i likskap med berre 9 av 29 land og økonomiar med tilgjengelege data (Figur D7.1).
Systematiske tilsyn med skular er meir utbreidd enn tilsyn med lærarar. Skuleinspeksjonar vert brukt i 24 av 28 land og økonomiar med tilgjengelege data. Noreg er blant dei få landa utan slike tilsyn på grunn- og ungdomsskulenivå (Figur D6.1).
Meir informasjon
Copy link to Meir informasjonFor meir informasjon om Education at a Glance 2026 og for å få tilgang til heile settet med indikatorar, sjå: https://doi.org/10.1787/b4968bbc-en
For meir informasjon om metodikken som vart brukt under datainnsamlinga for kvar indikator, referansane til kjeldene og dei spesifikke notata for kvart land, sjå Education at a Glance 2026: Sources, Methodologies and Technical Notes, https://doi.org/10.1787/dcf64a14-en.
For generell informasjon om metodikken, sjå OECD Handbook for Internationally Comparative Education Statistics 2018, https://doi.org/10.1787/9789264304444-en.
Oppdaterte data kan finnast på nettet på http://data-explorer.oecd.org/ og ved å følge StatLinks i publikasjonen.
Utforsk, samanlikn og visualiser fleire data og analyser ved hjelp av Education GPS: https://gpseducation.oecd.org/.
Spørsmål kan rettast til Education at a Glance-teamet ved OECDs direktorat for utdanning og ferdigheiter: EDU.EAG@oecd.org.
This work is issued under the responsibility of the Secretary-General of the OECD, and does not necessarily reflect the official views of OECD Member countries.
This document, as well as any data and map included herein, are without prejudice to the status of or sovereignty over any territory, to the delimitation of international frontiers and boundaries and to the name of any territory, city or area.
The statistical data for Israel are supplied by and under the responsibility of the relevant Israeli authorities. The use of such data by the OECD is without prejudice to the status of the Golan Heights, East Jerusalem and Israeli settlements in the West Bank under the terms of international law.
Note by the Republic of Türkiye:
The information in this document with reference to “Cyprus” relates to the southern part of the Island. There is no single authority representing both Turkish and Greek Cypriot people on the Island. Türkiye recognises the Turkish Republic of Northern Cyprus (TRNC). Until a lasting and equitable solution is found within the context of the United Nations, Türkiye shall preserve its position concerning the “Cyprus issue”.
Note by all the European Union Member States of the OECD and the European Union:
The Republic of Cyprus is recognised by all members of the United Nations with the exception of Türkiye. The information in this document relates to the area under the effective control of the Government of the Republic of Cyprus.
The full book is available in English: OECD (2026), Education at a Glance 2026: OECD Indicators, OECD Publishing, Paris, https://doi.org/10.1787/b4968bbc-en.
© OECD 2026
Attribution 4.0 International (CC BY 4.0)
This work is made available under the Creative Commons Attribution 4.0 International licence. By using this work, you accept to be bound by the terms of this licence (https://creativecommons.org/licenses/by/4.0/).
Attribution – you must cite the work.
Translations – you must cite the original work, identify changes to the original and add the following text: In the event of any discrepancy between the original work and the translation, only the text of original work should be considered valid.
Adaptations – you must cite the original work and add the following text: This is an adaptation of an original work by the OECD. The opinions expressed and arguments employed in this adaptation should not be reported as representing the official views of the OECD or of its Member countries.
Third-party material – the licence does not apply to third-party material in the work. If using such material, you are responsible for obtaining permission from the third party and for any claims of infringement.
You must not use the OECD logo, visual identity or cover image without express permission or suggest the OECD endorses your use of the work.
Any dispute arising under this licence shall be settled by arbitration in accordance with the Permanent Court of Arbitration (PCA) Arbitration Rules 2012. The seat of arbitration shall be Paris (France). The number of arbitrators shall be one.
This translation is published by arrangement with the OECD. It is not an official OECD translation. The quality of the translation and its coherence with the original language text of the work are the sole responsibility of the author(s) of the translation. In the event of any discrepancy between the original work and the translation, only the text of original work shall be considered valid.
Notes
Copy link to Notes← 1. 1. Referanseåret skil seg frå 2024/25: studieåret 2023/24 for Danmark, Finland, Frankrike, Tyskland og Sveits; kalenderåret 2024 for Chile og Costa Rica; kalenderåret 2025 for New Zealand; akademisk år 2025/26 for Japan.
← 2. 2. Førskule- og grunnskuleutdanning er slått saman for Frankrike, Luxembourg og Nederland. Vidaregåande utdanning er ikkje medrekna for Danmark, Israel og Sveits. Yrkesfagleg vidaregåande utdanning er ikkje medrekna for Finland, Ungarn og Nederland.
← 3. 3. Lærardata er basert på antal tilsette i staden for heiltidstilsette.
← 4. 4. Referanseåret skil seg frå 2017/18: studieåret 2018/19 for Bulgaria, Nederland og Sveits; 2019/20 for Luxembourg og Polen; kalenderåret 2020 for New Zealand.
← 5. 5. Inkludert offentleg støtta private institusjonar.
← 6. 6. Lærarar som er klassifisert som ikkje-fullt kvalifiserte i desse landa er i ferd med å oppnå full kvalifikasjon.
← 7. For data, sjå OECD (2026) Education at a Glance 2026: OECD Indicators, https://doi.org/10.1787/b4968bbc-en, figur 1 og tabell 1.